Rådgjeving - Planlegging - Risikostyring - Dokumentasjon - Gjennomføring
Dette kan eg bistå med:
Fridom frå utilsikta uønskte hendingar, uhell og ulykker. Eit godt event er eit trygt event.
Fridom frå tilsikta uønskte hendingar som trugsmål, vald og trakassering. Ein kritisk del av eit kvart event.
Evna til å imøtekome situasjonar som kan oppstå. Viktig for både gjestar og tilsette/frivillige.
Ingen arrangement er heilt like. Med skreddarsydde og lokalforankra løysingar sikrar vi deg og ditt event.
God planlegging er grunnmuren i alle event. Gjennom kommunikasjon, samarbeid og planlegging tryggar vi ditt event og dine gjestar.
Forebygging er enklare og billigare enn krisehandtering. Vi identifiserer risiko og reduserer den med treffande og kostnadseffektive tiltak.
Den mest kritiske, krevjande og gjevande delen av eit arrangement.
Eg bistår gjerne med praktisk gjennomføring og rådgjeving i gjennomføringa av ditt arrangement.
God dokumentasjon tilfredsstiller myndigheitskrav og er viktige verktøy i gjennomføring.
Eg kan bistå med:
Sikkerheitspartner er eit enkeltpersonsforetak med base i Volda, som tilbyr rådgjeving innan sikkerheit, tryggleik og beredskap for arrangement. Foretaket er drive av meg, Peter Bjørneset, som sidan 2018 har opparbeidd meg brei erfaring innan arrangementsikkerheit gjennom varierte roller og kapasitetar.
Gjennom praktisk erfaring og formalisert kompetanse frå kurs og studiar har eg utvikla ei solid forståing for dei mange utfordringane som kan oppstå i samband med arrangement. For meir om erfaring og kompetanse, sjå lenger nede på sida. Ingen arrangement er heilt like, difor tilbyr eg skreddarsydde løysingar som sikrar trygg og sikker gjennomføring - uansett storleik eller type arrangement.
Mitt mål er å vere ein påliteleg og trygg samarbeidspartnar som hjelper deg med å navigere det komplekse landskapet omkring arrangement, tryggleik, sikkerheit og beredskap. Eg vil leggje til rette for at du kan fokusere meir på å skape gode opplevingar for dine gjestar, medan eg bidreg med å redusere risiko, sikre god handtering av uventa situasjonar og etablere gode og trygge rammer. Utgangspunktet mitt er: god sikkerheit er god service, og god service er god sikkerheit.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om korleis vi saman kan sikre ditt arrangement!

Erfaring:
Vekter for Safe24: 2022-2024
Sikkerheitskontrollør for Avarn Sec. Aviation: 2024 - no
Studenthuset Rokken
X2 festivalen
Malakoff Rockfestival
Formell kompetanse
